Aksjon for å stoppe overgrepa mot homofile menn i Tsjetsjenia

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I over ein månad har det kome meldingar om arrestasjonar, tortur og drap på antatt homofile menn i Tsjetsjenia, sørvest i Russland.

Til trass for sterke, internasjonale reaksjonar er situasjonen framleis uforandra.

I dag tidleg arrangerte Den norske Helsingforskomité, FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfold og Amnesty International Norge ei stille markering utanfor den russiske ambassaden for å rette merksemd mot overgrepa som skjer mot homofile menn i Tsjetsjenia.

– Vi må halde fram med å legge press på russiske myndigheiter for å sørge for at slike overgrep ikkje skjer, seier Ingvild Endestad, leiar i FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfold, i ei pressemelding.


FRI-leiar Ingvild Endestad under dagens aksjon utanfor den russiske ambassaden. Foto: Reidar Engesbak / Blikk

Akutt fare
Organisasjonane krev at russiske myndigheiter etterforskar påstandane om vald, drap og arrestasjoner av homofile tsjetsjenske menn, samt at gjerningspersonane vert straffeforfulgt.

Vidare krev dei også etterforsking av truslar mot journalistane som avdekka situasjonen.

Fleire av dei pågåande kampanjane til Amnesty International er retta mot situasjonen i Russland, og dei forventar også at norske myndigheiter viser handling.

– Det som skjer er klare brot på internasjonale menneskerettar, men også brot på russisk lov. Norske myndigheiter må også sjå på moglegheiten for at dei som no er i akutt fare kan få kome seg ut av landet, seier Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty International Norge til avisa Blikk.

På Twitter skriv utanriksminister Børge Brende at Noreg er i dialog med russiske myndigheiter.

 

FRI-leiaren vil ikkje utelukke nye markeringar framover for å legge press på russiske myndigheiter.

– Så lenge situasjonen er uforandra for dei menneska som er arrestert eller fryktar arrestasjon, så må vi fortsette, sier Endestad.

LES OGSÅ: Fosterforeldre fekk nei grunna haldningar