Aids-epidemien kan bli stogga

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I over 30 år har AIDS-epidemien skapt tap og sorg. Lenge har draumen om å stogge sjukdommen vore lite anna enn nettopp det.

Ein ny FN-rapport gjev håp.

Nedgang i talet på hivsmitta
I forkant av den internasjonale AIDS-konferansen i Melbourne lanserte UNAIDS rapporten The Gap Report. Her vert det meldt om det lågaste talet på nye smittetilfelle i dette hundreåret.

LES OGSÅ: – HIV kan utryddast

Dei siste åra har nedgangen i talet på nye hivsmitta vore stor. Sidan 2001 har talet på nye infeksjonar falle med nær 40 prosent. Blant barn har talet på nye smittetilfelle gått ned med 58 prosent sidan 2001.

Også talet på AIDS-relaterte dødsfall har gått kraftig tilbake. I 2013 døydde kring 1,5 millionar menneske av AIDS-relaterte årsaker, mot 2,4 millionar i 2005. Det er ein nedgang på 35 prosent.

LES OGSÅ: Verdsmeistrar i ubeskytta sex

I rapporten kjem det samstundes fram at kring halvparten av dei 35 millionar menneska som er HIV-smitta i verda ikkje er klar over at dei er smitta.

I tillegg syner rapporten at 2,1 millionar menneske, og 240 000 barn, vart smitta av HIV i 2013.

Vil krevje oppskalering
Direktør i UNAIDS, Michel Sidibé, meiner at slutten på AIDS-epidemien er innan rekkevidde.

– Dersom vi oppskalerer innsatsen innan 2020, kan vi vere på veg til å utrydde epidemien innan 2030. Utan ei oppskalering risikerer vi å trenge mykje meir tid, sa Sidibé då han lanserte rapporten.

I rapporten heiter det at ein ikkje kan få slutt på AIDS utan å setje mennesket først. Sjølv om talet på nye smittetilfelle går ned, er det framleis fleire millionar som vert smitta årleg. Mange av dei som lever med HIV har heller ikkje tilgang på medisinar eller behandling.

LES OGSÅ: Hei, angst!

For å tette gapet mellom dei som får behandling og dei som fell utanfor, er det behov for forsking og innovasjon. I tillegg treng ein lover som fremjer fridom og likskap for alle menneske, ifølgje rapporten. Det vil innebere at både det globale samfunnet og dei landa som er hardast råka aukar innsatsen mot epidemien.

Berre 15 land står for 75 prosent av dei nye smittetilfella i 2013. I kvar region ligg den tyngste børa på berre tre eller fire land, og i Afrika sør for Sahara er dette Nigeria, Sør-Afrika og Uganda.

Smittedrepande gummi
Den internasjonale aidskonferansen går føre seg i Melbourne, Australia. Nyleg utvikla australske forskarar eit smittedrepande kondom, melder Science Alert.

LES OGSÅ: – Han har berre hiv

Det smittedrepande stoffet i kondomet har synt seg å drepe 99,9 prosent av HIV, herpes og andre seksuelt overførbare virus. Offentlege godkjenningar er på plass og kondomet er venta på den australske marknaden innan få månader.

Råka av flytragedien
Aidskonferansen fekk stor merksemd då Malaysia Airlines-flyet vart skote ned over Aust-Ukraina førre veke.

Omkring 100 av verdas fremste AIDS-forskarar, aktivistar og helsearbeidarar som var på veg til konferansen, mista livet i tragedien.

Seniorrådgjevar Bjørg Sandkjær i Norad, som er tilstades i Melbourne, seier til NRK at folk på konferansen er prega. I etterkant av ulukka sendte leiar for International Aids Society (IAS), Chris Beyrer, kondolansar frå det internasjonale aids-miljøet til dei pårørande.

LES OGSÅ: Saman i kampen mot HIV

Faktaboks

I 2013 levde 35 millionar menneske med HIV.

Sidan byrjinga på epidemien har kring 78 millionar menneske blitt smitta. Av desse har 39 millionar døydd av AIDS-relaterte sjukdommar.

Sidan 2001 har talet på nye HIV-infeksjonar gått ned med 38 prosent.

Denne veka går den internasjonale AIDS-konferansen av stabelen i Australia.