– Afrika går til helvete

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Afrika går til helvete

"Afrika er eit diktatur"
"2 milliardar afrikanarar har aids"
"Annankvar afrikanar har vore barnesoldat"

Trur du desse påstandane er sanne? Sanninga er at ingen av dei stemmer, og no har Operasjon Dagsverk sett seg lei på negative medieframstillingar og folk sine ofte usanne oppfatningar av Afrika.

Med årets kampanje ”Ikke se så svart på det” vil OD vise at Afrika er i endring, og at du kan gjere ein forskjell.

– Vi vil sjå positivt på det som skjer, og det er også derfor årets kampanje har fått namnet ”Ikke se så svart på det”, fortel Fredrikke Marie Trana. leiar av Operasjon Dagsverk.

LES MEIR: Dagsverk for utdanning

Årets OD-prosjekt har som mål å bidra til at ungdom i Rwanda får utdanning og kunnskap til å sjølv ta styringa over utviklinga i landet sitt.

Landet ligg midt i hjartet av Afrika, og sjølv om utviklinga går framover er Rwanda heilt avhengig av ungdommen for å skape ei god framtid.

Sjølvstendig val
Denne veka starta OD informasjonskampanjen Internasjonal Uke, slik at elevar skal kunne ta eit sjølvstendig standpunkt til om dei vil jobbe på OD-dagen 27. oktober eller ikkje.

Internasjonal Uke går frå 10.-21. Oktober og skal gi elevane innsikt i årets prosjekt, nord/sør-problematikk og solidaritet.

Som ein del av kampanjen får skulane mellom anna tilbod om undervisningsopplegg til kvart enkelt fag.

– I engelsk på vidaregåande kan ein til dømes sjå filmen Hotel Rwanda, og så får elevane skrive eit samandrag av filmen etterpå, fortel Trana.

Operasjon Dagsverk har laga undervisningsopplegg til alle fag, både på yrkesfag og studiespesialiserande, slik at skulen på ein enkel måte kan bake OD-temaet inn i undervisninga.

LES MEIR: Kva har FrP-Siv og Paradise-Carl til felles?

Profilbilete som påstår

– Vi prøvar å gjere kampanjen så synleg som muleg, melom anna har vi ein facebook-kampanje der vi oppmodar folk til å ha eit profilbilete som kjem med ein usann påstand om situasjonen i Afrika. Slik kan vi gjere folk nyfikne og merksame på at det også er muleg å sjå positivt på det som skjer, seier OD-leiaren.

Og det kan sjå ut til at svartmalinga er ein vekkar.

– Vi har allereie fått nokon som har parodiert informasjonskampanjen vår, så det er eit sikkert teikn på at vi når ut til folk, ler OD-leiar Fredrikke Marie Trana.

 

Sjå også videoen der Trekant-Marie, Asbjørn Slettemark og Sigrid Bonde Tusvik ikkje ser så svart på det:

Ikke se så svart på det from Operasjon Dagsverk on Vimeo.

SKAL DU BIDRA TIL OPERASJON DAGSVERK? FORTEL KORLEIS I KOMMENTARFELTET!

Faktaboks

OD-PROSJEKTET I RWANDA SKAL:

1. Auke talet på skuleplassar for ungdom mellom 16 og 19 år:
•    Byggje og utstyre to vidaregåande skular

2. Sikre at ungdom fullfører vidaregåande skule:
•    Motivasjonsgrupper for jenter på vidaregåande skule
•    Jentekampanjar
•    Opplæring av skulekomitear
•    Opplæring av lærarar
•    Skulebøker til skulebibliotek

3. Auke mulegheitene for ungdom til å organisere seg, uttrykke seg og lære om rettane sine:
•    Opplæring i born sine rettar
•    Stifting av elevråd
•    Nasjonal påverknadskampanje
•    Mediegrupper
•    Ungdomssenter
•    Årleg møte om utdanning

Les meir om prosjektet på heimesidene til OD.