Absurde reiseskildringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Bruken av gjedde lyder nokså emnespesifikt for ein boktittel. I kva avdeling i biblioteket vil ein finne denne boka? Mellom naturbøkene? Hobby? Sannsynlegvis vert ho stilt opp på nyheitshylla for skjønlitteratur innan ho og dei andre bøkene frå innkjøpsordninga skal vidare på magasin. Slikt skjer, men den diskusjonen skal eg la liggje og i staden vil eg prøve å vekkje interesse for boka, uansett kva lagnad som ventar ho seinare.

Gjedde? spør du kanskje. Eller så var det Markus Lantto sin reaksjon då omsettaren foreslo tittelen. Boka handlar ikkje spesielt mykje om gjedde, men det er like vel vanskeleg å skulle kome opp med ein betre egna tittel.

LES OGSÅ: Knekkebrød, gjedder og glitterlim

Nokre av tekstane er skrive til Barbro, andre er utan nokon bestemt mottakar. Kanskje er det deg han skriv til. Personane i boka er ikkje viktige. «Sjå på dei som romanfigurar, skapningar som får fungere som statistar i eit skodespel som geberdar seg om lengt.» Og er det ikkje lengt det å reise handlar om? Ein lengtar ut og vekk, eller så lengtar ein heim att når er på reise eller utanfor heimstaden.

Eg vel å lese boka som ei slags reiseskildring. Ei samling tekstar som skildrar faktiske og fantastiske reiser. Markus er med gjennom heile boka som ein forteljar og reiseleiar. Han skriv om reiser han sjølv har vore på og reiser han kunne ha vore på. Han tek lesaren med på reise gjennom elvemuslingen sine utviklingsstadium og på flukt med hellenistiske statuar i den latviske hovudstaden. Han er sjølv på reise i heimtraktene i  Sverige og han skriv om både Elvis, Adolf Hitler og kaptein Rævskjegg som også befinn seg i dei svenske skogar. Frå Amerika får vi høyre om Tony som er sheriff og Tim, ein utanomjording. Dei er likså mistilpassa i tilveret som alle dei, kristne som muslimar, hinduar og heidningar som har køyrd ut i ørkenen i von om å komme nær Gud Fader.

Lengt etter kjærleik er eit sentralt tema. Markus har tallause damekorrespondansar i boka. Her er breva til Barbro, men også forskjellige slags kontaktannonsar. Også er det affæren med Jennifer og Sara som han skal giftast med. Dei andre personane som opptrer er ikkje betre stilt: Ein gammal sjømann rømmer frå gamleheimen. Den eine livvakta til Elvis forlét han (og bryt sannsynlegvis samstundes eit homofilt kjærleiksforhold med den andre livvakta). Tony er nyskild og «Berten et morfintablettar kvar dag for å halde ut smertene».

Boka er full av tristesse, men her er også absurditet og solskinshelsingar. Forteljingane har ein munnleg tone og ingen av dei strekk seg over meir enn 4–5 sider. Innimellom finn ein bilete, dikt, salsannonsar og referansar til vikinghumor. Og så gjedde sjølvsagt, som ein fint kan kombinere med habanero-chili.

Faktaboks

Markus Lantto

Bruken av gjedde

Samlaget 2014