≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Litteratur, Inger Bråtveit

«Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg»

Forfattar Inger Bråtveit vil gje mikrofonstativet til den unge jenta, som eit mildt korrektiv til skildringar frå eldre menn som Knausgård.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 22. oktober 2015 15.56

«Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg» Sisteboka Alice A4 vart til fordi Inger Bråtveit var frustrert over mangelen på synsvinkelen til den unge jenta i eit forhold til ein eldre mann.

– Eg hugsar eg las ein artikkel i Klassekampen der nokon skreiv om Nabokovs Lolita, der dei sa: «Håpar berre dei får kvarandre». Og eg tenkjer berre: «NO!» himlar forfattar Inger Bråtveit (36).

Framtida møter den kritikarroste forfattaren på utestaden Dattera til Hagen i Oslo denne oktober føremiddagen.

Motstykke til Knausgård
Nyleg gav den utflytta suldølen ut tredjeromanen Alice A4.

På underfundig, drøymeaktig og fleirtydig vis skildrar ho forholdet mellom unge Alice og ein eldre mann med bil, som viser seg å ikkje vera ein direktebillett til Wonderland.

Med referansar til Lolita og Alice i Eventyrland, håpar Bråtveit å skildra ei historie som kan verta ein motpol til ung-jente-vaksen-mann-litteraturen frå herremenn som Stieg Larsson og Karl Ove Knausgård.

– Eg skriv dette i både fortviling og raseri. Gjennomgåande tykkjer eg desse historiene er fortalt frå den mannlege synsvinkelen, som kan estetisera eller objektivisera det kvinnelege subjektet. Eg vil gjera dei ansvarlege begge to og gje Alice mikrofonstativet. Eg tenkte det var viktig å gje ho talerett. Eg vil berre at ho skal bli tatt på alvor. Ho er ikkje noko offer, men ein tenkjande person på veg inn vaksenlivet, forklarar Bråtveit, som har sakna dette perspektivet.

LES OGSÅ: Solveig Aareskjold: – Usunt å la jenter i tenåra lesa dette

Skumle Alice
Inger Bråtveit, som sjølv har studert litteratur og no sit i Det litterære råd, har alltid vorte svært inspirert av annan litteratur.

Og tidspunktet for ei ny tolking av Alice i Eventyrland er unekteleg god.  I år er det 150 år sidan Lewis Carroll gav ut klassikaren som vart kalla nonsenslitteratur.

Sidan då har boka vorte lese med tallause ulike briller og tolkingar. Bråtveit ramsar opp; «rus, sex, filosofisk, religiøst, retorisk…»

– For barn er det lettast å følgja den fysiske reisa, men det er ikkje Disney-versjonen som er den einaste. Det er ikkje noko barnebok. Eg las ho som barn og eg tykte det var ei uhyggjeleg bok. Eg synest framleis ho er nifs og det handlar om desse undergangskreftene som finst der. Logikken som vert oppløyst, seier Bråtveit, som kallar det surrealisme og drøymelogikk.

Sjølv har ho latt seg fascinera av sjølve fallet til Alice, ei pen og pynteleg jente frå det viktorianske borgarskapet, som følgjer etter ei kanin ned i holet fleire tusen meter under bakken.

– Så eg tenkte kva med å dra ho inn i eit miljø nærare vår tid? Kven er kaninen? Kva er det som lokkar oss ned, får oss til og falla og tek imot?

LES OGSÅ: Avis bannlyser jente- og gutebøker

Frå grått til svart
15 år gamle Alice ynskjer seg vekk frå livet i blokka med den sigarettdampande, vindrikkande mora og storesystera.

Flukta finn ho på vegen med den eldre kjærasten.

Men gråsonene er mange og etterkvart viser det seg at kjærasten har nokre mørkare sider.

Ho går frivillig inn i forholdet, som viser seg å vere ein brutal og gjennomgripande kjærleik.

– Det er ulikt aldersspenn og ikkje heilt «fair play». Men ho insisterer på at det er kjærleiken og er aldri noko offer. Problemet er at ho ikkje har funne seg sjølv, før ho har finn han. Og om du ikkje har funne ut kven du er, så er det vanskeleg å møta den andre, forklarar Bråtveit.

Mykje tyder på at mor til Alice har stukke frå far deira, utan at det er uttalt. Sjølv om destruktive relasjonar kan gå i arv, åtvarar Bråtveit mot å generalisera.

– Men det kan gjere noko med trua på seg sjølv, når ein speglar seg i nokon som ikkje har trua.

På same måte som ho sjølv tek Alice på alvor, meiner ho det er viktig å ta personar som ender i valdelege relasjonar på alvor. 

– Eg trur ikkje ein skal latterleggjera eller døma dei som blir, eller tru at du hadde klart det betre sjølv. Det eg prøver å seie er at det er lett å stå på utsida. Eg beundrar alle som kjem seg ut av destruktive relasjonar, noko som er ein livs kamp. Og eg forstår dei som blir.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Kjerringprat
Det er ei stund sidan dei tidlege tenåra i Suldal, men Bråtveit har framleis kontakt med ungdommar gjennom arbeidet som skrivelærar på Danvik folkehøgskole i Drammen.

Sjølv er ho ikkje sikker på om ho hadde takla å vera ung i dag.

– Eg misunner ikkje 15-åringane i dag, men kanskje har dei det heilt fint, grunnar ho.

På avstand ser kvardagen med sosiale media, nettmobbing og sjølvrepresentasjon ut som eit evig jag og mas.

– Nei, no høyres eg ut som ei gamal kjerring, avbryt ho seg sjølv, og legg til:

– Men eg trur det er stor einsemd i dette å vere flink, sjå bra ut og framstilla seg sjølv i perfekte situasjonar og ha eit perfekt liv, og samstundes vere veldig vanleg. Dei er jo på jobb twentyfour-seven, dagens ungdom. Dei lever livet sitt mange plasser og då kan ein ikkje leva det opp att. Ungdomstida er jo der ein byggjer identitet, men ungdomstida er ikkje berre ei enkel tid. Det er mange ting som skal falla på plass. Og falla frå kvarandre igjen. Og falla på plass på ny.

«Ein evig dekonstruksjon», kallar forfattaren det.

Korleis var ho sjølv som 15-åring? 

Kjærleik var ramme alvor, minnest Bråtveit.

Og det er dette alvoret ho har freista å setja seg inn i, kanskje med utgangspunkt i seg sjølv.

Ho siterer Cat Stevens, som allereie før ho vart fødd song:  «The first cut is the deepest».

– Eg prøver å undersøkja beveggrunnane og drivkreftene som ligg i det å ha trua på den store kjærleiken. Kjærleiken er  basal, og heilt banal. Og det er veldig lett og veldig vanleg å latterleggjera unge jenter. Men kjærleiken er og var jo A-L-T, alt, minnast Bråtveit.

Jentebiletet
Alice sitt ungdomsopprør i form av eit kjærleiksforhold gjer ho vaksen før dei jamaldrane jentene.

Bråtveit trur dei kan ha rett, dei som seier at dagens ungdom i liten grad gjer opprør mot foreldra.

Likevel synest ho å sjå ein tendens til at barndommen vert stadig kortare.

– Eg trur spesielt jenter kjem tidleg inn i den virtuelle verda, som ikkje er så lett å overskoda for dei vaksne. Eg synest å sjå ei større seksualisering blant yngre jenter. Det betyr jo at barndommen vert avkorta, når dei kjem inn i eit vaksenliv før dei er heilt vaksne og har funne seg sjølv, avsluttar Bråtveit.


Oppdatert: fredag 23. oktober 2015 15.26
Kommentarar

«Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg»
Omslag: Forlaget Oktober


Faktaboks

Inger Bråtveit (fødd 1978)

Frå Suldal i Rogaland

Arbeider deltid som skrivelærar ved Danvik folkehøgskole, med omsetting for Det Norske Bibelselskap og er medlem i Det litterære råd

Debuterte i 2002 med Munn mot ein frosen fjord.

For andreromanen ,Siss og Unn, vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen

Ar i desse dagar aktuell med tredjeromanen Alice A4

Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet.

Bråtveit sine to lesetips til unge:
Is-slottet av Tarjei Vesaas
Frå null til no av Ragnfrid Trohaug

 
ANNONSE: