359 millionar til nye studentbustader

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

359 mill til nye studentbustader

Det skal byggast 276 nye studentbustader i Oslo, 174 studentbustader i Trondheim og 140 studentbustader i Bergen.

– Vi har valt å tildele om lag tre firedelar av tilskota til pressområda, fordi vi meiner at behovet er størst på desse stadene. Samtidig ser vi at det også er behov for fleire studentbustader andre stader i landet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Kunnskapsdepartementet gir omtrent 359 millionar kroner til bygging av 1.259 nye studentbustader.

– No er det viktig at studentsamskipnadene held trykket oppe på utbygginga, slik at vi får god framdrift i prosjekta, seier Isaksen.

Her kjem det nye studentbustader:

Haugesund

50

Kristiansand

60

Sandnes og Stavanger

93

Oslo

276

Ås

50

Bergen

140

Trondheim

174

Drammen

50

Sogndal

50

Tønsberg

58

Elverum

2

Halden

50

Bodø

105

Tromsø og Svalbard

50,5

Porsgrunn

50