32 millionar kan få synet attende

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norges blindeforbund har fått fleire kjente kunstnarar med seg på prosjektet iCare.

Mellom desse er den anerkjente fotografen Morten Krogvold, skulptør Nico Widerberg, klesdesignar Nina Skarra og smykkedesignaren Celine Engelstad, som har utvikla produkt til inntekt for at fleire blinde skal få ein enkel operasjon.

LES OGSÅ: Blinde i Kina får ikkje utdanning

Talskvinna frå Tysvær
iCare er et initiativ fra Norges Blindeforbund, der forbundets blinde- og svaksynte medlemmer samlar inn pengar til augeoperasjonar for «unødvendig blinde» i Nepal og Mosambik.

Det er primært menneskjer som er råka av grå stær som er «unødvendig blinde» i dag. Ein enkel operasjon til 250 kroner er alt som skal til for at dei for synet attende.

Ei av dei som talar blinde si sak er 26 år gamle Eirin Frøyland frå Tysvær.

Ho har sett seg som mål å samla inn pengar slik at 1000 personar får att synet. Eigentleg ville ho sette målet til 32 millionar, men fann ut at det var best å nedjustere det litt i første omgang.

– Eg ante ikkje at det var snakk om så mange som 32 millionar. Det er jo eit tal som ikkje går an å ta innover seg. Då eg fekk høyre det, var det første eg tenkte at det er heilt absurd og galskap at me har ei slik katastrofal fordeling i verda. Det er så mange som ikkje treng å vera blinde. Alt dei treng er ein operasjon som tek fem minutt og kostar 250 kroner, seier Frøyland på telefon til Framtida.

Sjølv vart ho blind for fem år sidan etter ein feilslått operasjon. No er ho glad for at ho får moglegheita til å hjelpe andre.

LES OGSÅ: Blind, unik og original

Verdas visjon
– Det aller viktigaste me kan gjere for verdas blinde og svaksynte er å gje «unødvendig blinde» synet attende. Deretter må me gje dei som framleis er blinde og svaksynte, moglegheita til å klare seg i kvardagen, seier Arnt Holte, assisterande generalsekretær i Norges Blindeforbund og president i Verdens Blindeunion til Bistandsnytt.

Blindeforbundet har drive bistandsarbeid sidan 1978 og arbeider med fleire av FNs tusenårsmål, og måla for Vision 2020, som er eit globalt initiativ for å utrydde all unødvendig blindheit i verda.

Ei marginalisert gruppe
Holte fortel at mange som missar synet, missar moglegheita til å arbeide. Dei lever difor i sterk fattigdom.

Ifølgje presidenten i Verdens Blindeunion – som representerer heile 285 millionar blinde og svaksynte i 188 land – er det ikkje så mykje som skal til.

– At dei får ein kvit stokk kan vere nok. Om du då lærer å hente vatn i brønnen eller lærer å stella ein bøffel, så kan du igjen verte ein viktig ressurs i det samfunnet du lever, seier Holte, som meiner blinde i utviklingsland lenge har vore ei marginalisert gruppe, som ofte taper i kampen mot andre saker som vert marknadsført sterkare.

– Det er det same som skjer i bistandsdebatten her heime, der støtta til funksjonshemma nærast har stått på staden kvil. Men det er vanskeleg å tenkje seg noko særleg meir effektiv bistand enn dette, seier Holte.