26 millionar vart regnbogefarga

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre fredag lanserte Facebook eit filter, som gjer brukaren sitt bilete regnbogefarga.  Filteret vart lansert av Facebook sjølv på den historiske dagen då amerikansk høgsterett gjorde homofilt ekteskap i heile USA.

Regnbogefilteret fekk ytterlegare hjelp av at fleire byar verda over feira Gay Pride førre veke.

LES OGSÅ: Siger for transpersonar i Kenya

«Slaktivisme»
Slike lågterskelkampanjar for å syna engasjement eller støtte til ei sak i sosiale medier vert kalla «slaktivisme».

Denne formen for aktivisme har fått kritikk for å vere lite engasjert, men har ifølgje samfunnsforskar Kari Steen-Johnsen noko for seg.

– Korleis du framtrer, betyr noko for deg, og i sosiale medier blir det å bytte profilbilde veldig synleg i et nettverk av menneskjer du held deg til. Facebook er ein viktig kanal for å mobilisera til demonstrasjonar på gata òg. I samband med ei befolkningsundersøking om bruk av sosiale medier gjennomført i 2012 svarte folk at dei meiner Facebook er ein viktig kanal for å skapa merksemd. Slike aksjonar kan altså være kopla til eit reelt engasjement, sjølv om det kan vere flyktig og folk lett bevegar seg til neste sak, seier Steen-Johnsen til avisa Vårt Land.

Tilsvarande kampanjar såg me i Noreg etter 22. juli då mange sette ein logo med det norske flagget i på profilbiletet sitt eller då mange bytta profilbilete til eit svart lerret med teksta «Je suis Charlie» etter terroråtaket på Charlie Hebdo i januar i år.

LES OGSÅ: Vil bryte med Moskva

Russisk motsvar
Regnbogeflagget har fått mykje støtte frå profilerte kjendisar som skodespelar og politikar Arnold Schwarzenegger, skodespelar Elizabeth Banks og Facebookgründer Mark Zuckerberg.

I andre delar av verda har kampanjen vekt motreaksjonar. Ei russisk nettside oppmodar brukarane til å pryda profilbiletet sitt med landets fargar