≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Lærarutdanning

10 år med hjartespråket

Det er når eg skriv nynorsk eg finn dei rette orda og formuleringane som seier best det eg vil uttrykkje, skriv Espen Tørset.

Espen Tørset, Lektor i norsk ved Orkdal vidaregåande skole
torsdag 4. mai 2017 08.55

10 år med hjartespråket Illustrasjonsfoto: Unsplash

Saka vart først publisert i Utdanningsnytt

I samband med at det i vår er 10 år sidan eg byrja å arbeide som lærar, kan eg også markere at det er like lenge sidan eg vart ein nynorskskrivar.

Etter ferdig utdanning, med mellom anna mastergrad i nordisk, var eg så heldig å få arbeide i den vidaregåande skulen. Norsklærarar er ettertrakta, og det gjekk fort frå eg starta med eit totimarskurs, til eg hadde dekt opp ei heil stilling. Alt vel, sett bort i frå ein ting. Eg måtte vere like stø i nynorsk som i bokmål, som den gongen var hovudmålet mitt. Det var eg slett ikkje, og det var flaut.

Sidemålet mitt
I løpet av dei seks åra eg gjekk på universitetet, var det knapt nok nynorskundervisning. Heller ikkje det året eg tok lærarutdanninga, fekk vi opplæring i skriftspråket som eg no skulle lære bort til andre.

Skulle eg ha truverde i eit langt norsklærarliv, måtte eg så fort som rå var bli ein nynorskskrivar. Eg måtte leggje vekk bokmålet for å lære meg sidemålet mitt. For ei stund. Trudde eg.

Det viktigaste eg lærte den første tida, og som gjeld like mykje i dag, er at eg må tørre å gjere feil, både når eg rettar tekstar og når eg skriv sjølv. Eg kan ikkje vere redd for at nokre substantiv kan få gal ending. Om eg skulle ha panikk for feil i grammatikken eller syntaksen, ville eg aldri ha blitt betre. I tillegg er det påfallande med målfolk som opptrer som eit språkpoliti og slår ned på alt som viker frå normalen. Som da eg i vanvare skreiv «kommer» i staden for «kjem», og fekk ei helsing frå ein eldre mållagskar om at eg burde skamme meg. Å vere raus mot sine eigne, kan vere vanskeleg det.

Heldigvis er mange målfolk gode støttespelarar, så eg held meg med dei. Og heldigvis har eg heile tida vore trygg på at eg faktisk kan, og at eg heller har sett kva eg faktisk får til, og ikkje kva eg gjer feil. Eg er god nok!

Hjartespråket mitt
Men om motivet for å bli ein nynorskskrivar i første omgang var å bli ein betre norsklærar, har motivasjonen etter kvart vorte ein annan. Nynorsk er jo det naturlege for meg. Eg er trønder og Trøndelag var eit sentralt område i Ivar Aasens landsmålsprosjekt. Det er når eg skriv nynorsk eg finn dei rette orda og formuleringane som seier best det eg vil uttrykkje.

Tore Renberg har sagt det så fint. I samband med den siste romanen han skreiv, skifta han til nynorsk for å få skrivinga til å lausne. Han seier at «nynorsken er klangen vår, det er tonen vår, og gjennom tonen din finn du songen din, og gjennom songen din er du deg sjølv på jorda».

Desse orda kunne ha vore mine. Det er noko underleggjerande å lese og skrive nynorsk når ein heile tida er omringa av bokmål. Det gir motstand og det bryt med det kvardagslege og vi ser det vi kjenner så godt frå før med nye auge.

Min draum er at også elevane kan kjenne ein kime til det same som eg. At hjartestrengen dirrar litt ekstra når ein nyttar eit språk som er litt nærmare deg sjølv. 

Nynorsk er blitt hjartespråket mitt. Det er da eg kjenner meg heime i det eg skriv.

LES OGSÅ: Hope for nynorsken – Slik vil den nye målungdomsleiaren «make nynorsk great again»



Oppdatert: torsdag 4. mai 2017 09.46
Kommentarar



 
ANNONSE: